Om oss

Om oss


Sogn og Fjordane Indremisjon er ei samanslutning av lag, foreiningar og forsamlingar som er tilslutta Indremisjonsforbundet. Til teneste for lokallaga- slik at me saman skal gå med Guds Ord til folket!


Sogn og Fjordane Indremisjon vart skipa i 2002 etter fusjonen mellom Dalsfjord og Bremanger Indremisjon og Sogn Indremisjon. Tidlegare var det fem krinsar i gamle Sogn og Fjordane, men med tid har krinsane fusjonert og fungerer i dag som ein krins for Sogn og Fjordane. 


Oppgåvene våre er varierte, men fokuset vårt er alltid at me skal vere til teneste og hjelp i det lokale bedehus- og misjonsarbeidet. 

Kan me hjelpe?

Ei av hovudoppgåvene som krinsen har hatt i alle år er å sende ut forkynnarar til lokale lag og foreingar. Me vil gjerne kome på besøk og vere til hjelp innan forkynning, inspirasjon og hjelp i både organisasjonsarbeid og i misjonsoppdraget. 

Historien vår


Oppstarten

I fleire bygder vart det etablert sokalla "støtteforeiningar" i 1870- og 1880-åra. Oppgåva deira var å samle saman peng for at ein skulle få tilsendt emmisærar (forkynnnar) til si eiga heimbygd og området rundt.


Den første foreininga

I 1878 vart den første foreininga med eige arbeid etablert. Den vart stifta i Holmedal, og vart seinare ein del av fellesforeininga Dalsfjord og Bremanger Indremisjon, som vart skipa i 1902. 


Utviding av arbeidet

Gjennom arbeidet til støtteforeiningane og foreiningane vaks arbeidet og det vart etablert mange bedehus i krinsen dei neste 70-åra. Sidan den gong har arbeidet variert i storleik og aktivitet, og me trur at me i 2020 er på veg inn i ein ny sesong. Ein sesong for vekst for Guds rike og

for at Guds ord skal bli kjent i Sogn og Fjordane!

Verdiar


Våre verdiar er formulert i tre punkt:

 

  • Vennskap

Relasjonar er viktig og avgjerande i misjonsarbeidet. Me treng kvarandre!

  • Visdom

Me treng visdom for å nå ut med evangeliet. Visdom frå både menneske og ikkje minst frå Gud.

  • Vekst

Som kristne skal me vekse i tru og tillit til Gud, både personleg og i fellsskapet. I dette ligg det at me treng å lære å kjenne Guds hjarte og sinn. Samtidig inneber vekst også at me skapar fleire etterfølgarar av Jesus, bådfe lokalt og regionalt.

Visjon


Sogn og Fjordane Indremisjon sin visjon er formulert i setninga: 
"Levande og livsnære felleskap - i ei kvar bygd i Sogn og Fjordane." 


Me arbeidar for at det på alle stadar skal vere eit fellessskap som tek imot deg med opne armar og som kan gje deg ei levande tru på Jesus Kristus. 


Sogn og Fjordane Indremisjon


Sogn og Fjordane Indremisjon har til føremål å fremja Guds rike og halde oppe eit livskraftig indremisjonsarbeid.

Kontakt oss

Granden 23
6856 Sogndal

Postboks 415

6853 Sogndal

+47 482 89 762

SFIndremisjon

Våre kontortider


På vårt kontor i Sogndal held krinssekretæren til. Kontortidene vil variere mtp. at krinssekretæren også reiser til ulike stadar i krinsen. Ta kontakt per e-post dersom du vil avtale eit møte.


Nokre kjernetider for drop-in besøk.

Tysdag: 09:00 to 14:00

Torsdag: 09:00 to 14:00

Sogn og Fjordane Indremisjon er tilslutta Indremisjonsforbundet