Lover

Lov for Sogn og Fjordane Indremisjon

 

§ l Grunnlag

Sogn og Fjordane Indremisjon byggjer arbeidet sitt på Bibelen Guds ord og den evangelisk lutherske vedkjenning. På dette grunnlaget driv krinsen alt arbeidet sitt, og kallar og sender ut arbeidarane sine.

 

§ 2 Føremål

a.Sogn og Fjordane Indremisjon har til føremål å fremja Guds rike og halde oppe eit livskraftig indremisjonsarbeid. For å nå dette føremålet vil ein til ei kvar tid forkynna Guds ord gjennom dei tiltak, reiskapar og kanalar ein finn tenlege.

b.Sogn og Fjordane Indremisjon vil arbeida saman med Indremisjonsforbundet sentralt og dei innmelde krinsar og einingar for å styrkje indremisjonen sitt kallsoppdrag. Krinsen vil ta medansvar for å skaffa økonomiske og andre ressursar til dei oppgåver forbundet utfører på vegne av dei innmelde krinsar og emmgar.

c.Sogn og Fjordane Indremisjon vil og verkeleggjera det ideelle føremålet gjennom eigne sjølvstendige einingar via utleigetilhøve dersom krinsen finn det tenleg. All slik verksamd skal byggjast på ikkje-kommersiell (non-profit) basis og mellom anna omfatte utrustning av menneske til arbeid i Guds rike gjennom barnehage- og skuleverksemd m.m.

d.Sogn og Fjordane Indremisjon vil arbeide for å styrka det diakonale arbeidet.

 

§ 3 Status

a.Sogn og Fjordane Indremisjon er ein sjølveigande og ikkje-kommersiell ( non­ profit) organisasjon med upersonleg og avgrensa ansvar for gjeld. Krinsen er tilslutta Indremisjonsforbundet. Gfr. Lov for Indremisjonsforbundet.)

b.Sogn og Fjordane Indremisjon er ei samanslutning av: lokale indremisjonsforeiningar og lag, forsamlingar og kyrkjelydar,

enkeltpersonar frå stader der det ikkje er foreining, som melder seg inn i krinsen, og som er einige i § § l og 2.

Opptak av nye medlemer skal godkjennast av Krinsstyret.

 

§ 4 Årsmøtet

a.Årsmøtet er Sogn og Fjordane Indremisjon si høgste myndigheit, og blir halde kvart år innan utgangen av juni.

Tale- og røysterett på årsmøtet har:

-Utsendingar frå indremisjonsforeiningar, lag, forsamlingar og kyrkjelydar som er innmelde i krinsen (Hovedforeninger). Foreiningar med inntil 25 medlemer kan senda to utsendingar. Foreiningar med meir enn 25 medlemer og kan senda ein utsending meir for kvar påbyrja nytt tjuefem. Likevel kan ingen senda meir enn seks utsendingar.

-Underforeningar som barnelag, ungdomsforening, finnmarksforeningar , musikklag m. m. kan sende ein representant.

-Kontaktpersonar oppnemde av krinsstyret.

-Krinsstyret.

-Barne- og ungdomsrådet/-a.

-Rektor/Styrar ved skular/institusjonar eigde av krinsen.

-Styremedlemer krinsen har i styret for skular/institusjonar eigd av krinsen. Styret for Indremisjonsforbundet kan senda ein utsending til årsmøtet. Denne har talerett, men ikkje røysterett. Dette gjelder også tilsette i krinsen.

b.For å kunna røysta på årsmøtet må ein vera fylt 15 år. Krinsstyret har ikkje røysterett i saker som gjeld styret sine disposisjonar. (Årsmelding, rekneskap og budsjett.)

c.Årsmøtet handsamar:

Krinsstyret si årsmelding. Reviderte årsrekneskapar. Lovendringar.

Andre saker som krinsstyret eller medlemene legg fram.

Gfr pkt. f).

d.Årsmøtet vel:

-Formann, styremedlemer og varamedlemer til krinsstyret

-Barne- og ungdomsråd.

-Valkomite.

-Revisor.

e.Årsmøtet gjer vedtaka sine med simpelt fleirtal. Lovendringar krev 2/3 flertal.

f.Vil nokon ha ei sak fram for årsmøtet, må denne vera sendt til krinsstyret seinast tre månader før årsmøtet skal haldast. Berre krinsstyret og lag som er innmelde i krinsen kan koma med forslag til lovendringar.

g.Ekstraordinært årsmøtet kan kallast saman når minst 2/3 av medlemene i krinsstyret, eller 1/3 av foreiningane ber om det.

h.Protokoll frå årsmøtet skal sendast til lokalforeiningane og indremisjonsforbundet.

 

§ 5 Krinsstyret

a.Sogn og Fjordane Indremisjon vert leia av krinsstyret som er krinsen si høgste myndigheit mellom årsmøta.

b.Krinsstyret har sju medlemer. Formannen blir vald av årsmøtet for eit år. Dei andre medlemene blir vald for to år om gongen, slik at det kvart år går ut tre. Desse kan veljast att, men ingen kan sitja i styret meir enn åtte år i samanheng. Styret har tre varamedlemer som er valde for eitt år. Første varamedlem møter fast i styret. Styret er vedtaksført når minst fire medlemer er til stades. Styret vel seg imellom nestformann.

c.Krinssekretær/-leiar møter i styret med tale- og forslagsrett, men ikkje røysterett.

d.Krinsstyret held møte når formannen kallar inn til det eller fleirtal av styremedlemene krev det.

 

§ 6 Krinsstyrets sine oppgåver

a.Krinsstyret skal:

Setja i verk og føra kontroll med årsmøtet sine vedtak og avgjerder. Forvalta og føre kontroll med Sogn og Fjordane Indremisjon sin økonomi. Større økonomiske saker må leggjast fram for Indremisjonsforbundet sitt styre til orientering Gfr § 3 b i Lov for Indremisjonsforbundet) og handsamast av krinsen sitt årsmøte.

Syta for at arbeidet vert drive i samsvar med Sogn og Fjordane Indremisjon sine lover.

 

b.Krinsstyret bind krinsen rettsleg.

c.Krinsstyret kallar og tilset krinsleiar og andre arbeidarar, og fastset løns- og arbeidsvilkår for desse. Krinsstyret skal rådføra seg med styret i Indremisjonsforbundet før dei kallar og tilset krinsleiar Gfr § 3 b i Lov for Indremisjonsforbundet).

d.Krinsstyret kallar inn til årsmøte og tilrettelegg alle saker som skal handsamast av dette.

 

§ 7 Åndeleg tilsyn

a.Krinsleiar, formann og ein vald styremedlem er åndeleg leiarskap for krinsen.

Desse har eit særleg hyrde- og læreansvar og skal difor vera menn1

b.Krinsleiar utøver åndeleg tilsyn i samråd med og på vegne av det åndelege leiarskapet, og i kontakt med Indremisjonsforbundet sin generalsekretær og hyrderåd.

 

§ 8 Barne- og ungdomsrådet

a.Barne- og ungdomsrådet har fem medlemer valde for to år om gangen, slik at det kvart år vekselvis går ut to eller tre medlemer. Desse kan veljast att, men ingen kan sitja i rådet meir enn i åtte år i samanheng. Rådet har tre medlemer som er valde for eitt år. Første varamedlem møter fast i rådet. Rådet er vedtaksført når minst tre medlemer er til stade. Rådet vel seg imellom formann og nestformann.

b.Krinsleiar og barne- og ungdomsleiar møter i rådet med tale- og forslagsrett, men ikkje røysterett.

c.Barne- og ungdomsrådet leier krinsen sitt barne- og ungdomsarbeid i samsvar med instruks utarbeidd av krinsstyret'.

 

§ 9 Lojalitet i lære og liv

Alle tilsette, tillitsvalde og andre uløna medarbeidarar må leva i samsvar med kristen etikk og syna aktiv lojalitet3 mot Sogn og Fjordane Indremisjon sin eigenart og gjeldande retningsliner.

Tilsette med leiar-, informasjons-og forkynnaroppgåver, alle tillitsvalde i krinsstyret, lokale einingar og andre som er sette til å representera organisasjonen offentleg, må leva og læra i samsvar med Sogn og Fjordane Indremisjon sitt grunnlag. (jfr § l)

 

§ 10 Lokale indremisjonsforeiningar

a.Alle indremisjonsforeiningar, lag, forsamlingar og kyrkjelydar som høyrer til krinsen, må drivast i samsvar med føremålet slik det er uttrykt i § 2 a.

 

1 Dette er basert på det som står i "Leiarskap og tilsyn i lmF" , om det såkalla "tenestedelingsprinsippet" - der det skildast mellom nådegåvesporet - " lik t for menn og kvinnar" og familiesporet - "far er far og mor er mor" og kor far er tillagt hyrdefunksjon. Dette er eit Bibelsk prinsipp Imf føljer.

2 Krinsen kan samarbeida med andre organisasjonar på eit praktisk plan for å få til Barne- og Ungdomsråd i alle delar av krinsen.

3 Med ordet "aktiv lojalitet" ligger det å ha ei positiv grunnhaldning til det krinsen står for og arbeidar for, ikkje "død" paragraflojalitet.

b.Desse skal støtta krinsen så langt dei kan, både med økonomiske midlar og på annan måte, så dei saman kan nå dette føremålet.

c.Lagsmedlemer er dei som melder seg inn i eitt av laga, går inn for føremålet (§2), lever eit kristeleg liv og betalar den årskontingent som årsmøtet for laget vedtek.

Lever eit lagsmedlem eit ukristeleg liv eller arbeider for ei lære som ikkje er i samsvar med den evangelisk lutherske, skal styret/hyrde og lærerådet i lokallaget gje lagsmedlemet rettleiing på bibelsk grunn (Matt 18, 15-18).

Hjelper ikkje dette, kan vedkomande ikkje lenger vera medlem i laget.

 

§ 11 Oppløysning, fusjon eller fisjon.

a.Skal Sogn og Fjordane Indremisjon oppløysast, må dette handsamast av ordinært årsmøte og verta vedteke med 2/3 fleirtal. Deretter må det kallast inn til ekstraordinært årsmøte innan tre månader, og vedtaket om oppløysing må her verta vedteke med 2/3 fleirtal.

b.Etter at gyldig vedtak om oppløysing er gjort, vel årsmøtet eit avviklingsstyre som skal stå for avviklinga. Krinsstyret kan veljast til avviklingsstyre.

c.Sogn og Fjordane Indremisjon si formue skal etter oppløysing og nedbetaling av gjeld, gå til Indremisjonsforbundet.

d.Samanslutning (fusjon) eller deling (fisjon) vert ikkje sett på som oppløysing. Vedtak om samanslutning/deling og naudsynte lovendringar knytt til dette, vert gjorde i samsvar med vedtektene om lovendringar (jfr§ 12).

Krinsstyret skal i denne samanheng leggja fram ein plan for samanslutninga/delinga som årsmøtet kan røysta over. Ved samanslutning eller deling må det hentast inn samtykke frå Sogn og Fjordane Indremisjon sine kreditorar.

 

§ 12 Lovendring

Årsmøtet i Sogn og Fjordane Indremisjon kan endra denne lova med 2/3 fleirtal. Sjå § 4 b, d og e. §§ l og 2 a, l. Ledd, kan ikkje endrast.

 

Sogn og Fjordane Indremisjon

 

Sogn og Fjordane Indremisjon har til føremål å fremja Guds rike og halde oppe eit livskraftig indremisjonsarbeid.

Besøk oss gjerne på facebook.

Kontakt oss

Fjørevegen 10

6856 Sogndal

Postboks 415

6853 Sogndal

+47 482 89 762

Sogn og Fjordane Indremisjon er tilslutta Indremisjonsforbundet

Våre kontortider

 

På vårt kontor i Sogndal held krinssekretæren til. Kontortidene vil variere mtp. at krinssekretæren også reiser til ulike stadar i krinsen. Ta kontakt per e-post dersom du vil avtale eit møte.

 

Nokre kjernetider for drop-in besøk.

Tysdag: 09:00 to 14:00

Torsdag: 09:00 to 14:00