Framside


Vi vil gjere Jesus kjend!


SOGN OG FJORDANE INDREMISJON


Sogn og Fjordane Indremisjon bygger sitt arbeid på Bibelen, Guds Ord, og den evangelisk lutherske vedkjenning. På dette grunnlag driv krinsen alt arbeidet sitt, og kallar og sender ut arbeidarane sine.



Indremisjonen er bygt nedanfrå og opp, der me har den lokale foreining og forsamling som grunnelementet i vår organisasjon, vidare har me krinsleddet som held kontakten opp mot det sentrale Indremisjonsforbundet.


Sogn og Fjordane Indremisjon er eit bindeledd mellom foreiningar og forsamlingar i vår krins og opp mot forbundet.


Det er den lokale foreining og forsamling som kjenner arbeidet lokalt og veit kvar 'skoen trykkjer', dersom det er noko krinsen kan bistå med er det berre å ta kontakt!


Noko av det me kan hjelpe med:

- Administrative oppgåver og spørsmål

- Spørsmål som går på organisasjonen

- Rettleiing og samtalepartner i andelege spørsmål

- Forkynning på møter, leirar og arrangement

- Setje den enkelte i kontakt med lokalt arbeid


Sjå meir frå Indremisjonsforbundet her

Våre lokale indremisjonsforeiningar

Leirstaden


Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.



Matteus 28.18-20

Sogn og Fjordane Indremisjon



Sogn og Fjordane Indremisjon har til føremål å fremja Guds rike og halde oppe eit livskraftig indremisjonsarbeid.

Besøk oss gjerne på facebook.

Kontakt oss


Fjørevegen 10

6856 Sogndal

Postboks 415

6853 Sogndal

+47 482 89 762

Sogn og Fjordane Indremisjon er tilslutta Indremisjonsforbundet

Våre kontortider


På vårt kontor i Sogndal held krinssekretæren til. Kontortidene vil variere mtp. at krinssekretæren også reiser til ulike stadar i krinsen. Ta kontakt per e-post dersom du vil avtale eit møte.


Nokre kjernetider for drop-in besøk.

Tysdag: 09:00 to 14:00

Torsdag: 09:00 to 14:00